top of page

SKIPLESEIDET HYTTEFELT

27535182_10211095073558216_800542117_o.j

BELIGGENHET

Flotte hyttetomter på Skipleseidet med utsikt til Lønahorgi i vest og Mjølfjell i aust.

Byggmeisterfirmaet Møen & Saue AS har for sal 25 flotte tomter i Skipleseidet Hyttefelt.

Tomtene ligg vakkert til i eit variert og urørt turterreng. Området er snøsikkert, og frå hyttedøra når ein fleire av dei mest spektakulære toppane Sør-Vestlandet har å by på. Majestetiske Horndalsnuten er nærmaste nabo. I tillegg er det kort veg til skiløyper og fiskevatn, samt aktivitetar i Raundalselva som rafting, padling og bading.  

Skipleseidet byr på spennande turterreng både sommar og vinter heilt frå hytteveggen, med ei rekke fjell og stølar innan rekkevidde. Raundalen sine mange små vegar og stiar innbyr også til oppdagingsferder på sykkel.

Om hausten er det rik tilgang på sopp og bær, og det er eit yrande dyreliv i området om ein ynskjer å treffa på elg, hjort, rype, tiur, hare og rev. Det er også gode moglegheiter for småviltjakt Raundalen.


Plassering

Hyttefeltet ligg på eit platå midt i Raundalen, omlag 500 moh. der ein har utsikt til Lønahorgi i vest, og mot Mjølfjell i aust.

Like ved ligg Hondalsnuten (1461 moh.), som er ein av dei høgaste fjelltoppane i Voss kommune og eit populært turmål.

Hyttefeltet ligg like ved fylkesveg 307 med 30 min. køyring til Voss Resort 8Bavallen), 25 min. Voss sentrum og 25 til Mjølfjell. Til togstasjonen på Skiple er det ca. 2 km.


Tomtene

Tomtene ligg i utmark og varierer i storleik frå 632 kvm til over 1100 kvm. Sjå prisliste for nærmare informasjon om pris og storleik.

27292795_10211095067558066_1559366094_n.

BESKAFFENHET

Byggeklausul:
Tomtene er påhefta byggeklausul. Dette inneber at kjøpar er forplikta til å bruke Byggmeisterfirma Møen & Saue AS på Voss ved kjøp av byggesett og oppføring av fritidsbustad på tomta.


Tomtekjøpar kan kjøpe hytter frå det utvalet Møen & Saue har å tilby. Møen & Saue hjelper også med å teikne hytta eller gjere tilpassingar på sine modellar. Kjøpar kan også få teikna eiga hytte av uavhengig arkitekt.


Møen & Saue har hytter i bindingsverk, precut bindingsverk og element.

Møen & Saue kan levere fritidsbustad som totalentreprise (nøkkelferdig), men kjøpar står om ønskeleg fritt til å velje andre leverandørar til grunnarbeid, elektrikar- og røyrleggararbeid etc.

Det vert laga eigen separat avtale mellom tomtekjøpar og Møen & Saue om oppføring av fritidsbustad. Avtalen vil følgje reglane i Bustadoppføringslova.

27398001_10211095075478264_250385417_o.j

.

.

Skipleseidet Hyttefelt: Projects
29063601_10211433689183395_8279961399178
20140720_140450.jpg
IMG_0018.JPG
Finn-annonse
Skipleseidet Hyttefelt: Projects
bottom of page